Fagstoff

Kan få åtvaringar frå Helsetilsynet

Dei tre største sjukehusa i fylket risikerer reaksjonar frå Helsetilsynet etter drukningsulykka i Kristiansund der to ni år gamle jenter miste livet.

Publisert Sist oppdatert

Dei tre største sjukehusa i fylket risikerer reaksjonar frå Helsetilsynet etter drukningsulykka i Kristiansund der to ni år gamle jenter miste livet, skriv NRK.

Den 7. mars i fjor blei to småjenter tekne av bølgjene i Karihola i Kristiansund. Under redningsaksjonen var det full forvirring om kva sjukehus som kunne behandle jentene.

Kort tid etter redningsaksjonen sendte legen på Luftambulansen i Ålesund ei melding om avvik.

Brennpunkt avslørte i førre veke at mykje gjekk gale under redningsaksjonen og at begge jentene hamna på feil sjukehus.

Helsetilsynet har hatt den knusande rapporten frå dei sakkunnige ved Universitetssykehuset i Nord-Norge på deira bord i nesten åtte månader. I dag seier dei til NRK at konklusjonen er klar i løpet av svært kort tid.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS