Fagstoff

Ho mista nesten livet fordi legane kan for lite

Tanja Nordahl mista nesten livet av hjarteinfarkt då ho var 38 år. – Legar kan for lite om kvinnehjarte, meiner Landsforeningen for hjerte- og lungesyke. Ni kvinner har dødd fordi hjelpa kom for seint.

Publisert Sist oppdatert

Tanja Nordahl mista nesten livet av hjarteinfarkt då ho var 38 år. – Legar kan for lite om kvinnehjarte, meiner Landsforeningen for hjerte- og lungesyke. Ni kvinner har dødd fordi hjelpa kom for seint, skriv NRK Helse, forbruk, livsstil.
25 kvinner og pårørande har fått erstatning for forseinka diagnose av hjarteliding dei siste fire åra. Ni kvinner døydde fordi behandlinga kom for seint.
Det starta med at ho fekk tungt for å puste. Tanja Nordahl fekk press i brystet, smerter som gjekk opp i skuldrene og ut i armane, og prikling i fingrane.
– Legen sa at «sidan du er kvinne og ung, så er det i alle fall ikkje hjertet ditt.» Han meinte ryggen var problemet, fortel ho.
Ho vart sendt heim med resept på betendelsesdempane smertestillande. Men det vart berre verre. Då gjekk Tanja til ein ny lege, men fekk same svar. Det var ryggen som var problemet. Ei natt vart smertene så ille at sambuaren ringde legevakta.
– Eg fekk skikkeleg vondt mellom skulderblada. Eg klarte ikkje sitje, stå eller ligge. Eg berre hylte og grein, seier ho.
I all hast vart ho sendt til sjukehus med ambulanse.
– Ha det bra Tanja. Lykke til! Det går kjempefint, sa ambulansearbeidaren som fulgde ho dit.
– Eg hugsar at eg nesten krabba opp på operasjonsbordet. Og så vart eg på ein måte borte. Så kjente eit støyt. Då vakna eg, og fekk høyre at eg var på veg til å bli borte, fortel Tanja. Hjartet heldt på å stoppe, ho hadde eit alvorleg hjarteinfarkt.
– Vi har sett mange tilfelle på at kvinner ikkje blir tatt på alvor fordi helsepersonell kan for lite, seier Frode Jahren, generalsekretær i Landsforeningen for hjerte- og lungesyke.
Han fortel at kvinner med hjarteproblem blir kasteballar i systemet.
– Det er forska altfor lite på kvinnehjertet. Nesten all forsking som er gjort, er gjort av menn på menn. Symptoma hos kvinner er ofte veldig ulike symptoma hos menn. Hjartesjukdom hos kvinner kan vere litt vanskelegare å oppdage. Dei har langt meir diffuse symptom, seier generalsekretæren.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS