Arbeidsmiljø

Legar vert så trøytte at dei gløymer arbeidsoppgåver

Brukar dagevis på å kome seg etter ei nattevakt. Slit med kvalme, hovudverk og søvnforstyrringar.

Publisert Sist oppdatert

Brukar dagevis på å kome seg etter ei nattevakt. Slit med kvalme, hovudverk og søvnforstyrringar, skriv Vårt Land.

– Sjukehusa tøyer reglane for å spare pengar, hevdar legetillitsvald.

Ei ny dansk undersøking viser at sjukehuslegar ofte vert så trøytte av nattevaktene at dei gløymer arbeidsoppgåver, og brukar fleire dagar på å kome seg til hektene. Dei skildrar det som å vere fyllesjuke, og nokre må bruke smertestillande når skiftet er over.

I Norge har sjukehuslegar ei arbeidstidsordning som er endå meir belastande enn den danske. Arbeidsvekene kan strekkje seg opp mot 60 timar og aktive vakter kan vere på inntil 19 timar.

Konsentrasjonssvikt. Ilda Amirian er lege og doktorgradsstudent ved Center for Perioperativ Optimering i København, og står bak undersøkinga. Ho har intervjua 13 danske sjukehuslegar om korleis dei opplever nattevakter.

– Legane blir svært påverka av søvnmangelen, spesielt mellom to og seks om morgonen. Dei har vanskeleg for å konsentrere seg, jobbar langsamt og vert meir irritable. Det er ikkje tvil om at risikoen for at legane utøvar feil er mykje større om natta, seier Amirian.

Sovande regel. Kristian Fosså er røntgenlege og tillitsvald i Yngre legers forening (YLF) på Oslo universitetssykehus (OUS). Han kjenner seg godt att når funna i den danske undersøkinga blir lista opp.

Etter å ha jobba nattevakter i snart ti år opplever Fosså at omgrepet «kvilande nattevakt» held på å miste meining.

– Vi får stadig meir å gjere. Inntrykket mitt er at sjukehuset tøyer reglane av økonomiske omsyn, seier spesialistlegen.

Avtalen mellom den statlege arbeidsgjevarforeininga Spekter og Legeforeningen slår fast at dersom det i over ein femdel av vaktene har vist seg umogleg å overhalde kravet om åtte timar kvile per døgn, skal tenesteplanen endrast.

Presset aukar. Yngre legers forening (YLF) meiner at regelen om åtte timar kvile per arbeidsdøgn ikkje vert handheva.

– Prinsippet er ein sovande regel. I praksis er det forventa at ein skal jobbe gjennom heile vakta, seier YLF-leiar Johan Torgersen.

Powered by Labrador CMS