Arbeidsmiljø

Akutt kjærleik

- Det er noko med veggane her, seier Tommy Nybakk (29) og legg armen rundt skuldra til kollega og samboar Katrine Fjeld (31). Dei er det ferskaste paret på akuttmottaket i Bergen. Men langt i frå det første.

Publisert Sist oppdatert

- Det er noko med veggane her, seier Tommy Nybakk (29) og legg armen rundt skuldra til kollega og samboar Katrine Fjeld (31). Dei er det ferskaste paret på Akuttmottak. Men langt i frå det første.

Sjukepleiar Tommy begynte i Akuttmottak for vel tre år sidan. Han starta i Observasjonsposten, men samarbeida mykje med sjukepleiarane i sjølve mottaket.

Det var der han møtte Katrine for første gong. Han hugsar det godt.

– Ho var vaktleiar då. Og veldig søt. Eg beit meg merke i ho.
Han ser på kjærasten og smiler. Og får eit endå breiare smil tilbake.

– Eg hugsar eg ofte var borte på Observasjonsposten for å høyre korleis de hadde det, og sjå kven som var på jobb.

Hemmeleg i starten
Året etter søkte Tommy jobb i mottak, og då vart kontakten hyppigare. Etterkvart vart det viktig å få med seg alle sosiale arrangement der ein visste den andre skulle.

Men både på grunn av jobben og ferske brot på kvar sin kant, gjekk dei forsiktig fram. Først for rundt eitt år sidan begynte dei begge å tenke litt annleis om den andre. Kor tid dei vart i lag?

– Offisielt vart vi eit par 1. november i fjor, ler dei.
– I starten forsøkte vi å halde det hemmeleg, i alle fall til vi visste at dette var noko vi ville satse på.
For kollegaene kom det ikkje akkurat som ei bombe når forholdet vart "offisielt". Men reaksjonane var utelukkande positive.

Også hos avdelingssjef Heidi Brevik, som var blant dei siste som fekk vite noko.
– Vi sa til ho at vi måtte halde par-tradisjonen på Akuttmottak ved like, ler dei to.

11-12 par
For det ER noko med veggane på Akuttmottak. Før Akuttmedisinsk seksjon vart skilt ut frå mottaket for nokre år sidan, talde ein 11-12 par på avdelinga.

På grunn av utskiljinga vart mange splitta, reint arbeidsmessig, men framleis er det tre par att på akutten. Dei som har vore der lengst, er Kjell (52) og Bente (49) Vilsvik. Han sjukepleiar, ho sekretær.

Dei begynte i Akuttmottak i 1983, ho i juni og han i august. I 1984 flytta dei i lag.
– Vi kikka på kvarandre ei stund, og så var det vel eit julebord, smiler dei. I 1987 gifta dei seg. Etter kvart fekk dei tre gutar. Å jobbe saman har aldri vore noko problem.

– Som regel har eg vore på kontoret, så vi ser ikkje alltid så mykje til kvarandre, seier Bente.
– Det hadde vel kanskje vore annleis om vi jobba veldig tett.
– Og då ungane var små jobba vi ofte motsette skift, supplerer Kjell.
– Først dei siste fem-seks åra har vi begynt å gå fleire vakter samtidig.

Godt arbeidsmiljø
Både det etablerte og det ferske paret på Akuttmottak rosar sjefen for vere forståingsfull i turnusplanlegginga.
– Vi gjekk motsette vakter fram til 1. mai, men no har vi ny turnus der vi har fått mykje fri samtidig, seier Katrine.

For avdelingssjef Brevik er nettopp turnusplanlegginga den største utfordringa med å ha mange par på avdelinga.

– Først og fremst tenkjer eg at det vitnar om eit godt arbeidsmiljø når folk finn kvarandre på jobb, og det er kjekt. Men i forhold til utarbeiding av arbeidsplan, vil dei først helst gå same turnus. Og så, viss det kjem barn, vil dei helst gå motsett vakt, for nokon må vere heime med barna.
Ho smiler.

– Det er greitt at det er travelt her, men det kan ikkje vere så travelt, for det blir produsert ein del barn! Det må bety at dei som jobbar her har overskot.

Brevik fortel òg at avdelinga har vore veldig bevisste på at dei har mange par.
– Vi skal ta omsyn, men ikkje på bekostning av andre. Og vi skal vere forsiktige, eller bevisste på at par ikkje jobbar for mykje saman, i alle fall ikkje åleine. For kva viss for eksempel noko går gale når berre dei to tar imot ein pasient?

Så langt har det ikkje vore noko problem. Og avdelingssjefen har ingen innvendingar mot at romantikken blomstrar på arbeidsplassen. Ho ler.
– Her er sikkert mange par eg ikkje har fått med meg òg.

Les heile saka på Helse Bergen

Powered by Labrador CMS