Ambulanseorganisering

Sjukehuset har teke over

Sjukehuset Innlandet tok 1. januar 2012 over ambulansedrifta i Nord-Gudbrandsdalen, etter det private selskapet NTS Ambulanse i Namsos.

Publisert Sist oppdatert

Sjukehuset Innlandet tok 1. januar 2012 over ambulansedrifta i Nord-Gudbrandsdalen, etter det private selskapet NTS Ambulanse i Namsos, skriv Fjuken - lokalavisa for Ottadalen.

Seks flunkande nye bilar er kjøpt inn og plassert rundt om på ambulansestasjonane, men elles vil ikkje den «menige mann» merke særleg forskjell.

– Det blir like mange bilar og det er dei same som arbeider i tenesta som før, så slikt sett blir det ikkje endringar for folk flest, sa dei tilsette ved ambulansestasjonen i Lom måndag morgon.

Fjuken fekk da vera med på eit videooverført morgonmøte mellom ambulansestasjonane i Lom, Skjåk og Vågå. Med på møtet var òg ambulansesjefen i Sjukehuset Innlandet, Oddleif Bakken.

Han fortalde at ambulansetenesta i Nord-Gudbrandsdalen frå nå er delt inn i to seksjonar. Den eine seksjonen består av Lom, Skjåk og Vågå. Den andre Otta, Dombås og Lesja. I Ottadalen er det Magne Håvard Forberg som er seksjonsleiar.

– Frå februar i 2013 vil Sjukehuset Innlandet ha 52 operative ambulansebilar og i alt 320 årsverk. Med andre ord ei ganske stor ambulanseteneste, blant dei største i landet, sa Bakken.

Han fortalde at det førebels ikkje er planlagt endringar i beredskapen i Nord-Gudbrandsdalen.

Les meir om saka hjå Fjuken

Powered by Labrador CMS