Ambulanseorganisering

No driv ambulansetenesta i Helse Førde lovleg igjen

Helsetilsynet har avslutta tilsynssaka mot ambulansetenesta i Helse Førde. Ambulansesjef Stian Sægrov seier dei no klarer å sikre innbyggjarane ei lovleg og forsvarleg teneste.

Publisert Sist oppdatert

Helsetilsynet har avslutta tilsynssaka mot ambulansetenesta i Helse Førde. Ambulansesjef Stian Sægrov seier dei no klarer å sikre innbyggjarane ei lovleg og forsvarleg teneste,skriv NRK Sogn og Fjordane.

Les òg i Firda: Ambulansetenesta er friskmeldt

Føretaket har hatt store problem med å drive ambulansetenesta lovleg. Helse Førde har over ein periode på fire månader dokumentert at dei har sikra forsvarleg bemanning og kompetanse ved alle ambulansestasjonane i fylket.

Helsetilsynet seier dei dermed ikkje lenger har grunnlag for å oppretthalde pålegget og varslet om tvangsmulkt mot helseføretaket.

Har blitt truga med dagbøter

Situasjonen har vore så alvorleg at Statens helsetilsyn har truga med dagbøter på 10.000 kroner per ambulanse som ikkje har oppfylt krava.

Ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov, seier dei no kan sikre innbyggjarane ei lovleg og forsvarleg teneste.

– Vi er veldig tilfredse med at helsetilsynet har avslutta saka. Vi er glade for at vi no har fått stadfesta at vi driv ambulansetenesta etter nasjonale krav, seier Sægrov til NRK.no.

Sidan nyttår har tenesta fått vel 15 nye autoriserte ambulansearbeidar og tenesta har fleire lærlingar og vaksenlærlingar som i haust skal opp til fagprøve. Sægrov reknar med at rundt ti nye får fagbrev dette året.

– Vi skal likevel vere opne på at det periodevis kan vere krevjande å skulle drive ambulanseteneste i Sogn og Fjordane med 30 ambulansebilar i dagleg drift, seier Sægrov.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS