Det går fram i tilrådinga til styret i Helse Midt-Norge som skal ha møte i dag.
Som kjent blir det slutt på privat ambulansedrift frå 2013, og eit omfattande arbeid med å omorganisere tenesta er i gang.
– Vi må sikre at vi samla sett har god oversikt og kontroll, heiter det i saksutgreiinga, signert adm.dir. Gunnar Bovim.
Fornøgd
Administrerande direktør er så langt godt fornøgd med prosessane rundt kjøp av bilar, etablering av ambulansestasjonar og jobben med å standardisere kvalitetskrava.
Med unntak av moderate kostnader knytt til utbetring av ambulansestasjonar, er det ikkje avdekt vesentlege økonomiske eller framdriftsmessige avvik frå det ein først rekna med.