Ambulanseorganisering
Dårlegare beredskap?
Når Bremangersambandet står ferdig i mai, føreslår Statens vegvesen å fjerne ferjeanlegga i Smørhamn og på Kjelkenes, men kva då med beredskapen i Ytre Bremanger? undrar ambulansesjef Stian Sægrov i Firdaposten.
– Vi har av erfaring sett at vegen kan bli stengd i lengre periodar i til dømes Haukå, opp til fleire veker. Kva då med beredskapen for innbyggarane i ytre Bremanger. Då må ambulanse køyre om Måløy/Eid for å komme til sjukehuset i Førde. Den kortaste vegen til sjukehuset går då via Florø, med ambulansebåt, seier Sægrov.
Avstanden mellom Kalvåg og Førde, via Måløy og Nordfjordeid er på kring 190 kilometer. Med to ferjer og køyring vil det ta omkring 3,5 til 4 timer å køyre mellom Kalvåg og Førde, ifølge kartplanleggaren til NAF.
Ønske om å behalde
For Helse Førde er det av stor interesse at ferjelemmen i Smørhamn framleis blir ståande og at denne kan vere operativ trass i opning av Bremanger 2. Helse Førde meiner dette og kan vere av stor interesse for andre instansar og ikkje minst for Bremanger kommune.
– Vi er midt inne i ein prosess, og veit ikkje om Bremanger ønskjer å behalde ferjeanlegga, eller ikkje. Men når vi veit det er det opp til fylkespolitikarane å bestemme om ferjekaiene skal demonterast eller behaldast. Vedlikehald på eit slikt anlegg ligg på ein stad mellom 50.000 og 100.000 kroner årleg, utan at eg har noko godt grunnlag for å seie det, seier sjefsingeniør Dina Lefdal i Statens vegvesen.
Les meir om saka hjå Firdaposten