Ambulanseorganisering
Brannsjef krev ambulansen attende
Brannsjef i Aurland Arvid Gilje meiner liv vil gå tapt om ikkje kommunen får att ambulansen.
Brannsjef i Aurland Arvid Gilje meiner liv vil gå tapt om ikkje kommunen får att ambulansen,skriv NRK.
I 2009 vart ambulansen i Aurland flytta til Lærdal. Gilje seier dei ofte må vente opp mot ein halv time før ambulansen kjem på plass. No krev han ambulanseberedskapen tilbake til kommunen:
– Vi har mange situasjonar der vi så vidt har klart å berge liv. Det har vore indre skader og vi har ikkje medikament.
Gilje fortel om episodar der brannvesenet har måtte vente opp mot ein halv time på ambulansen.
– Vi er vane med å gjere det vi kan før ambulansen kjem. Før var det betre, då kom vi samtidig. No står vi der og ventar.
Meir og meir uroa
Det er ambulansen frå Lærdal brannvesenet i Aurland ventar på. Etter at kommunen mista eigen ambulanse har Gilje blitt meir og meir uroa.
– Det er berre tidsspørsmål før liv går tapt. Det tek så lang tid før dei kjem.
Leiar for ambulansetenesta i Helse Førde Stian Sægrov meiner det er forsvarleg å ha ambulansen ståande i Lærdal.
– Vi meiner det er eit godt tilbod. Vi må kunne sikre driften med personell som har rett kompetanse og mengdetrening i den tenesta vi har i dag.