Ambulanseorganisering

Ambulanseplanen lèt venta på seg

Publisert Sist oppdatert

Planen skulle vore ferdig i januar. Det vil bli haust før innhaldet vert kjent, trur Sogn Avis.

Det er knytt stor spenning til kva ein slik plan vil innehalda, spesielt for Balestrand og Aurland som for tida ikkje har ambulanse stasjonert i kommunane sine.
Utgangspunktet var at framlegg til plan skulle vera ferdig i januar i år, og at styrehandsaming skulle skje i mars. No er me langt ut i mai, og framleis er ingen papir sende ut frå Helse Førde. Det er styremøte i helseføretaket på fredag og eit nytt møte i juni, men styreleiaren fortel at ambulanseplanen ikkje kjem på saklista før sommaren.
– Administrasjonen har gjeve oss beskjed om at dei treng meir tid. Det vil nok bli haust før ein slik plan er klar, fortel Jorunn Ringstad.
Styreleiaren fortel at det er krevjande og komplisert arbeid som er sett i gang.
Les meir om saka hjå Sogn Avis
Powered by Labrador CMS