Ambulansekrasj

Ambulanseførar hugsar ikkje kvifor ho køyrde av vegen

Den kvinnelege ambulanseføraren hugsar svært lite frå den ville ferda utfor ein 30–40 meter høg skrent i Bremanger.

Publisert Sist oppdatert

Den kvinnelege ambulanseføraren hugsar svært lite frå den ville ferda utfor ein 30–40 meter høg skrent i Bremanger, skriv NRK Sogn og Fjordane.

Til alt hell landa ambulansen på hjula, og kvinna vart sendt til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.

Kvinna slapp frå uhellet med lettare skader.

– Ho har forklart at ho trur ho møtte ein bil, men klarer ikkje heilt å hugse kva som skjedde og kvifor ho hamna av vegen, seier Jonny Jansen ved Bremanger lensmannskontor.

Det er 60-sone på staden.

– Spor på åstaden viser at ambulansen først var i ein bergvegg før den køyrde av vegen. Føraren har forklart at farten var godt under tillaten fart. Vi har ingen spor som indikerer at farten har vore høgare, seier Jansen.

Det er framleis uvisst om ambulansen har møtt ein bil på den smale vegen, og om det kan ha vore ei medverkande årsak til uhellet.

Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS