ambulansebåt

Brann i ambulansebåt på Kvamsøya

Publisert Sist oppdatert

Det starta brann om bord i ein ambulansebåt på Kvamsøya i Sande. No er den ikkje lenger operativ, melder NRK Møre og Romsdal.
Ved halv 7-tida blei det meld om brann om bord i ambulansebåten som ligg til kai på Kvamsøya i Sande.
Ambulansebåten på Kvamsøya i Sande har fått røyk og sotskadar, opplyser politiet.
Fire røykdykkarar fekk hjelp av redningsskøyta Emmy Dyvi til å kome ut til Kvamsøya.
Det var båtføraren som melde frå om brannen. Ingen kom til skade under hendinga.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS