Ambulanse

Krev ny politi­etterforsking av legen

Publisert Sist oppdatert

Rune Alsaker (37) blei erklært død av legen, men då dei pårørande skulle ta farvel, merka dei at han rørte på seg. No krev Statsadvokaten i Rogaland ny etterforsking av legen, skriv Sunnhordland.

– Me er glade for dette! seier Paul Christian Rynning, som er advokaten til Alsaker.
Bakgrunn: Blei erklært død - vakna til live
Meir om saken: Erklært død ved en feil – ingen kritikk av legen
Statsadvokat i Rogaland Arvid Malde viser i sitt skriv til Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, til at legen har forklart i avhøyr at han ikkje la merke til at hjartestartaren viste puls og blodtrykk som skulle tilseie liv.
Malde ber politiet spørja legen konkret korleis displayet på maskina blei sjekka, kva som var rutinen og kven som har ansvar for å sjekke displayet etter ein har gitt støyt. Vidare ønskjer ein svar på korleis utskriftene blei handtert. Statsadvokaten meiner ikkje det er naudsynt med nye avhøyr av ambulansepersonalet.
– At ein no tek opp at saka skuldast at ein ser at alle spørsmåla ikkje er avklart. Ein vil ha svar på rutinane med kontroll med displayet på hjartestartaren som blir brukt til å gje støyt mot hjarta. Me meiner at den livreddande hjelpa blei avslutta trass i at blodtrykket, pulsen og oksygenmettinga viste at det var livsteikn. Ut ifrå utskrifta frå hjartestartaren er det etter vårt syn heilt uforståeleg at ein avsluttar, seier Rynning.

Nekta erstatning

Saka blei opphavleg lagt bort av politiet, men er no teken opp igjen etter at advokaten klaga til Riksadvokaten. Fylkeslegen i Hordaland oppretta tilsynssak mot helsepersonellet, men kom i første omgang til at dei ikkje hadde gjort noko gale.
Dette ville ikkje familien slå seg til ro med, og etter omfattande korrespondanse og sakspapir blei saka teke opp igjen. I januar kom Fylkesmannen med kritikk av legen for å avslutta hjelpa, erklære 37-åringen for død, og for snu helikopteret like før det var komme fram.

Les meir om saka hjå Sunnhordland

Powered by Labrador CMS