Hopp til hovedinnhold


Blei erklært død - vakna til live

No konkluderer Fylkeslegen med at legen handla uforsvarleg, skriv Sunnhordland.
Bakgrunn: Erklært død ved en feil - ingen kritikk av legen
– Berre at eg lever må jo bety at nokon har gjort noko feil, seier Rune Alsaker (37). Han blei erklært død av helsepersonell.
Det var i januar 2013 klokka 05.00. Rune Alsaker fekk hjartestans i heimen sin. Til alt hell var broren hans Eyvind Alsaker til stades. Han fekk starta med kompresjonar og ringt AMK. Ambulansepersonell og lege kom til staden og gav hjarte-lunge-redning. Etter rundt 40 minutt med livreddande hjelp tok legen ei avgjerd om å avslutta hjarte-lunge-redninga. Legen meinte at Rune Alsaker var død.
– Helikopteret hang jo nesten over huset mitt. Likevel blei det sendt bort, seier Rune Alsaker, som først ein time seinare blei frakta til Stord sjukehus og så vidare til Haukeland universitetssjukehus.

Burde ambulansepersonell få kritikk?

Helse Fonna HF varsla Fylkesmannen i Hordaland om hendinga. I første omgang, i juni 2013, konkluderte Fylkesmannen med at lege- og ambulansepersonell hadde handla forsvarleg. Men på bakgrunn av nye og meir utfyllande opplysningar blei saka opna att i juli 2014.
No har ein komme til at legen handla uforsvarleg. Men Fylkesmannen har ikkje kritisert ambulansepersonellet i saka.
Paul Christian Rynning er advokaten til 37-åringen. Han er glad for at Fylkeslegen har snudd, men skjønnar ikkje at ambulansepersonellet slepp fri.
– For meg er det vanskeleg å forstå at ikkje ambulansepersonellet får kritikk. Det er dei som ser skjermbilete og utskrifta frå hjartestartarmaskinen, og her viste det livsteikn. Kvifor har ikkje dei sett dette og gjeve melding vidare til legen? For meg er dette uforståeleg, seier Paul Christian Rynning.
Ifølgje Fylkesmannen kom den første ambulansen fram klokka 05.19. Legen kom til staden rundt klokka 05.35, og dei kopla til ein hjartestartar på Rune. Fram til 6.01 blei det utført avansert hjarte- lungeredning, før ein avslutta. Samstundes som dette blei gjort kjem det fram at fleire av dei som var til stades observerte at 37-åringane viste teikn til liv.
Deriblant broren Eyvind og foreldra som kom til leilegheita rundt klokka 06.30.
I konklusjonen til Fylkeslegen står det mellom anna at etter kvart som tida gjekk, og legen fekk informasjon om stadig fleire og tydelegare teikn på liv, så burde dette fått legen til å reagera. Fylkeslegen meiner at det er kritikkverdig at legen ikkje oppfattar og tolkar opplysningane som blei gjeve, og meiner at dette gjer at pasienten ikkje får naudsynt helsehjelp i timen mellom klokka 6.01 og 07.00.

Posttraumatisk stressliding

Rune Alsaker har vore gjennom månadar med rehabilitering etter hjartestansen. Han har fått varige skader på hjarta.
– Etterpå har eg har ynskje om å treffa dei involverte. Eg har prøvd å få til eit møte. Men det var uaktuelt. Det har vore heilt stille, seier Alsaker som føler seg veldig dårleg behandla av helsestellet.
Les meir om saka hjå Sunnhordland