Ambulanse
Investerer for 117 mill kr
Luftambulansebasen blir største løftet i 2013, melder Firda.
Helse Førdes administrerande direktør Jon Bolstad legg neste år opp til å starte bygginga av ny luftambulansebase i Førde, skifte ut ambulansemateriell og gammalt og utdatert medisinsk teknisk utstyr, og starte utgreiinga av ny sengepost ved psykiatrisk klinikk.
Luftambulansebygget ved FSS vil krevje 30 mill kr neste år, og 82 mill kr i 2014, då bygget skal takast i bruk om hausten. Prosjektet omfattar landingsplass, hangar og basebygg, pluss ambulansestasjon, ambulanseleiing og AMK.
Les meir om saken hjå Firda