Ambulanse

Fryktar konsekvensane av færre ambulansestasjonar

Publisert Sist oppdatert

Sogn regionråd er redde for å miste ambulansestasjonar i regionen. Lærdalsordføraren ser med uro på signala frå Helse Førde, melder NRK Sogn og Fjordane.
Bakgrunn: Ambulansetenesta i Helse Førde er ikkje berekraftig
– Vi har store geografiske avstandar og utfordringar når ting skjer. VI vil behalde minst det tilbodet vi har i dag, seier ordførar i Lærdal, Jan Geir Solheim.
Tidleg i september vart det klart at Helse Førde vurderer nedlegging av ambulansestasjonar i helseføretaket. I dag er det 21 ambulansestasjonar i fylket i tillegg kjem det båtambulansar og helikopter.
– Vi brukar mykje ressursar på beredskap i Sogn og Fjordane, og det har auka mykje dei siste åra. Vi kan ikkje kome i ein situasjon der ein brukar ein uforholdsmessig stor del på beredskap, slik at det går ut over andre tenester, sa administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad til NRK tidlegare.

Fryktar konsekvensane

Solheim vart overraska då helseføretaket varsla endringane, og meiner beredskapen må haldast oppe.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS