Ambulanse

Ein solid ambulansepark

Heile helse-Norge har samla seg for å sette opp krava for korleis ein moderne ambulansebil skal vere. No er fire av splitter nye, moderne ambulansar klare for vegane i Helse Fonna.

Publisert Sist oppdatert

Heile helse-Norge har samla seg for å sette opp krava for korleis ein moderne ambulansebil skal vere. No er fire av splitter nye, moderne ambulansar klare for vegane i Helse Fonna, skriv Helse Fonna på sine nettsider.
Utanfor garasjane til ambulansestasjonen i Haugesund står tre, skinnande, gule ambulansar, med ein fjerde på veg frå Oslo. Snart skal dei sette kursen mot sine nye heim: Bømlo, Kvinnherad, Karmøy og Ølen.
– Alle helseregionane har vore med å planlagge den nye standarden for ambulansar i Noreg, seier Svein Jensen, ambulansesjef i Helse Fonna.
Dei nye bilane sikrar framtidsretta og sikker ambulansetransport.
– Vi har ein veldig god bilpark i Helse Fonna no. Det er eg svært fornøgd med.
I Helse Fonna er det til ei kvar tid 30-32 ambulansar fordelt mellom elleve ambulansestasjonar. Ein gong i året bytter bilane stasjon for å få ei jamn slitasje på bilparken.
Les meir hos Helse Fonna

Powered by Labrador CMS