Ambulanse
Ber inn til møte om akuttberedskapen
– Me har trykt på alle knappar, men vil gå nye rundar, sa Harald N. Offerdal (Ap) under kommunestyret i Balestrand torsdag kveld. Det skriv Sogn Avis.
Han opplyste at kommunen vil be om eit møte med fylkeslegen og Helse Førde. Her ønskjer ordføraren at dei i fellesskap skal gå gjennom den akuttmedisinske beredskapen i kommunen.
Erfaringar
– Me ønskjer å høyra kva erfaringar Helse Førde har gjort etter at me vart utan eigen ambulanse og korleis vegen vidare er for organisering av denne tenesta, sa Offerdal.
Balestrendingane har vore utan eigen ambulanse i lang tid, og Sogn Avis har ved fleire høve skrive om uheldige episodar knytt til akuttberedskapen.
Les meir om saka hjå Sogn Avis