Aktuelt

Får banebrytande kursing for å takle ei katastrofe

Publisert Sist oppdatert

Møre og Romsdal er først ut i landet med storsatsing på leiarutdanning for ambulansefolk, skriv NRK Møre og Romsdal.

Det har vore knallhard konkurranse om å få bli med på kurset som denne veka blir arrangert på Setnesmoen i Rauma.
– Vi hadde femti søkarar. Berre femten kom inn. No er det full køyr med teori og praksis frå morgon til kveld.
Det seier Tore Paulsen, fagrådgjevar for ambulansetenesta i Helse Møre og Romsdal. Han håper at fleire får sjansen til å ta dette kurset etter kvart.
På Setnesmoen sit ambulansefolka og får teoriopplæring når NRK er innom. På kveldstid øver dei seg på praktiske ferdigheiter. Folk frå Rauma Røde Kors og Rauma vidaregåande skule er med som markørar.

Møre og Romsdal er først

– Erfaringane frå 22. juli viser at god leiing er viktig på ein skadestad. No er Møre og Romsdal først ut i landet med utdanning av innsatsleiarar for ambulansepersonell, fortel Tore Paulsen til NRK:

– Det er lange dagar og knallhardt arbeid. Folk blir slitne, men dei har pågangsmot, seier fagrådgjevaren.
– Desse få utvalde skal bli veldig gode. Dette vil vere med og løfte dei tenestene vi utfører.
Les heile saka hjå NRK Møre og Romsdal
Meir om kurset hjå rbnett her

Powered by Labrador CMS