Aktuelt

Endrar bemanninga av ambulansehelikopter i Helse Møre og Romsdal
Etter krav frå Norsk Luftambulanse AS (NLA) endrar HMR si bemanning ved ambulansehelikopterbasen i Ålesund frå 4-crew til 3-crew.
NLA har bedt HMR om å endre bemanninga for å kunne ivareta flysikkerheita ved basen på ein betre måte melder Helse Møre og Romsdal.
– Dette er ei særs vanskeleg sak for HMR. HMR oppfattar, også med støtte av fagpersonar frå andre helikopterbasar, at 4-crewkonseptet ved basen i Ålesund gir eit betre fagleg tilbod og dermed eit betre pasienttilbod for befolkninga i Møre og Romsdal.
Les og hos NRK: Fryktar for flytryggleiken og kastar ut sjukepleiaren
Vi erkjenner likevel at dette vil vere underordna Norsk Luftambulanse sine flyoperative vurderingane av redusert flysikkerheit. Føretaket har difor akseptert å endre bemanninga til 3-crewkonsept. Det vil innebere ei harmonisering med dei 12 andre helikopterbasane i Norge.
– Eg vil nytte høve til å takke tilsette som gjort ein viktig jobb i ambulansehelikoptertenesta og eg er opptatt av at vi skal sikre gode omstillingsprosessar for dei det gjeld, seier Torstein Hole, fagdirektør i HMR.
Bakgrunn for endringa
Ambulansehelikopter-tenesta i Norge består av 13 basar kor alle, med unnatak av basen i Ålesund, opererer med 3-crew besetning.
NLA har over tid hevda at dagens organiseringa med 4-crew i Ålesund medfører ei HMS-utfordring samanlikna med luftambulansetilbodet ellers i Noreg.
Det blir vidare hevda at 4-creworganiseringa medfører manglande kompetansevedlikehald, utfordringar med rekrutteringa og høg turnover mellom tilsette.
– Ei omlegginga frå 4-crew til 3-crew kan skje seinast 1. mars 2021. Innan den tid må føretaket etablere ei kompenserande ordning knytt til kuvøsetransport, samt ein god omstillingsprosess for anestesisjukepleiarar som i dag er tilsett i seksjon for ambulansehelikopter, seier Hole.
Les saken hos Helse Møre og Romsdal.