Aktuelt

Mads Gilbert.

– Bilambulanse viktigare

Publisert Sist oppdatert

– Fokuset på luftambulansen si manglande dekning fortel ikkje heile sanninga. Dei over 500 bilambulansane vil også i framtida vere den viktigaste delen av akuttberedskapen her i landet, seier overlege Mads Gilbert til NRK Norge.

Bakgrunn: Ordføreropprør mot utrykningstid og Hjertestans i det svarte hullet
Les også: – 45 minutter er lenge
– Dei 500 bilambulansane, med ein halv million oppdrag i året, og med helsepersonell med høg kompetanse, pluss dei lokale legevaktene, er berebjelken i akuttberedskapen. På toppen av dette kjem ein viktig tilleggsressurs, ambulansefly, helikopter og redningshelikopter. Men det er ikkje desse som avgjer om folk får hjelp der dei bur, seier ein engasjert Mads Gilbert.
Gilbert viser til at utbygging av luftambulansen med nye basar er svært dyrt, og at det må vegast opp mot andre tiltak i helsestellet. Han minner om at luftambulansane har rundt 18.000 oppdrag i året, medan altså bilambulansane har 500.000 oppdrag.
Gilbert meiner at fokuset at ein del område fell utanfor helikopterberedskapen skapar eit feil inntrykk av korleis situasjonen rundt om i landet er.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS