Aktuelt

Ambulansepersonell kursa i prehospital fødsel
Det var stort engasjement då ambulansepersonell fra seksjon Smøla og Aure hadde fagdag med fokus på prehospital fødsel.
Fagdagen vart arrangert på Aure med hovedtema prehospital fødsel, skriv Helse Møre og Romsdal i ei nyhetsmelding til Ambulanseforum.
Dagen var sett av til foredrag frå jordmor, fødselslege, og ambulansepersonell frå seksjonen. Dagen ble avslutta med praktiske øvingar med instruksjonar frå ekspertane.

– Vi fekk mykje ny kunnskap som sett oss enda betre i stand til å ivareta pasientsikkerheita til dei fødande og dei nyfødte, seier seksjonsleiar Jarlfryd Sletvold som leier ambulansestasjonane på Smøla og Aure.
Lærte av dei beste

– Ambulansepersonell må ofte handtere situasjonar med begrensa hjelpemiddel samanlikna med hendingar på sjukehus. Akutte fødslar er ofte normale, men når komplikasjonar oppstår, så blir det ekstra utfordrande.Det beste er difor å lære av dei som har kunnskap om dette, og som har opplevd slike situasjonar tidlegare, seier Jarlfryd Sletvold.
Kursdeltakarane fekk opplæring i alt frå naturlege fødslar til å handtere komplikasjonar, og fagutvikler Trine Volden i Helse Møre og Romsdal hadde opplæring på gjenoppliving av nyfødte.
Skal nå fleire med video
Fagdagen vart tatt opp på video og foredraga blir gjort tilgjengeleg for alle tilsette på ambulansestasjonane og i Helse Møre og Romsdal.
Ambulansetenesta i fylket er spredt på mange stasjonar, og det er difor ressurskrevande å samle større grupper.
– Koronasituasjonen har bidratt til at vi tenker nytt rundt fagutvikling i ambulansetenesta. Framover kjem vi til å bruke meir video, og vi ser også på moglegheitene for live undervisning via ulike typer digitale verktøy, opplyser fagrådgiver Tore Paulsen i klinikk for prehospitale tenester.