Legevakt

Vakthavande lege svara ikkje

Publisert Sist oppdatert
Heile 34 gonger på berre éin månad svara ikkje vakthavande lege då det vart slege alarm frå AMK. Dette er urovekkjande, meiner fylkeslege Per Stensland ifølgje NRK Sogn og Fjordane.
– Dette er ein situasjon som er urovekkjande, og vi bestemte då at vi vil kartleggje bruken av helseradio i kommunane. Vi er i ferd med å førebu ei slik kartlegging, men no har altså Helse Førde konkretisert omfanget av problemet slik dei ser det, seier Stensland.
NRK har fått innsyn i Helse Førde sin oversikt over det fylkeslegen meiner er urovekkjande mange rutinefeil. I mars og i starten av april månad var det ei rekkje reelle alarmar der det var behov for vaktlege, men legen svara aldri på AMK sine oppkall på den såkalla helseradioen.
– Det er klart for mange og nettopp difor ønskjer vi å gå inn og sjå på dette. Vi vil tydeleggjere omfanget av dette og sjå til at det blir etablert nye og betre rutinar på dette området. Vi kan ikkje berre stille krav til korleis AMK skal fungere, ein må også stille krav til korleis legevakta skal respondere på dei akutte oppkallingane legevakta får, seier Per Stensland til NRK.

Svara ikkje på akutte oppkall

Av dei 34 tilfella der legen ikkje svara var 10 høgst reelle hendingar, dei 24 andre var testar av systemet, som skal fungere 100 prosent 24 timar i døgnet.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS