Legevakt
Opprettar tilsynssak mot Oslo legevakt
Fylkeslegen i Oslo og Akershus skal vurdere om Oslo kommunale legevakt har brote helse- og omsorgstenestelova i saka der Erik Are Stedt døde under arrestasjon, skriv NRK Norge.
Det opplyser fungerande fylkeslege Petra Turet Olsen til NRK. Erik Are Stedt (35) mista livet under ein arrestasjon på Oslo legevakt i november 2012. Ein ambulansearbeidar, som skulle hjelpe politiet, tok eit dødeleg halsgrep på Stedt.
Fylkeslegen skal granske rutinane til Oslo legevakt. Det kjem fram i eit dokument NRK har fått innsyn i:
«Det fremgår av sakens opplysninger at ovennevnte (Stedt, journ.mrk.) oppga sine personopplysninger til helsepersonellet ved ankomst på Oslo kommunale legevakt (...). Helsepersonellet fant ikke disse opplysningenen overenstemmende med informasjon i folkeregisteret.»
Helsepersonellet trudde difor Stedt var ein annan.
Les meir om saka hjå NRK