Legevakt

Manglande respons frå vakthavande legar i akuttilfelle

Publisert Sist oppdatert

I fleire akutte tilfelle har ikkje Akuttmedisinske kommunikasjonssentral (AMK) i Sogn og Fjordane fått takk i vakthavande lege. Dette uroar fylkeslegen, Per Stensland skriv NRK Sogn og Fjordane.

AMK-sentralen har mellom anna som oppgåve å svare på naudnummeret 113 og ta vidare kontakt med ambulanse og legar gjennom eit radiosamband, også kalla helseradio.

Ikkje noko nytt

NRK prata med Stensland seinast i mai i år i samband med avvika frå mars til april 2014. På det tidspunktet sa Stensland at dei skulle skjerpe rutinane for å sikre at legane svarar på oppkall frå AMK.
NRK har nok ein gong fått innsyn i Helse Førde sin oversikt over dei tilfella der legane ikkje svarer på alarmane. Frå og med mai til september i år er det registrert 47 nye avvik. Eksempel er:

  • Mai kl. 2106 lege ambulansealarm i Førde kommune+sys ikl lege. Gut med pustevanskar. Lege svarar ikkje på radio. Blir kontakta av AMK men vil ikkje rykke ut til pasienten. Luftambulanse blir då varsla.
  • Test av lege/ambulansealarm kvar måndag kl. 0815 og fredag 0815: Solund legekontor har ikkje radio og svarar ikkje på test eller reelle alarmar.
  • Juni kl. 1648. Lege ambulansealaram i Eid kommune. Mann bevisstlaus. Lege svarar ikkje på helseradio. Blir kontakta på telefon. Rykkjer ikkje ut.
  • 05. august test av lege ambulansealaram i Fjaler kommune. Lege svarer ikkje på helseradio. Får opplyst at radio ikkje lader.

Klare retningslinjer

– Her er det mange årsaker til at legar både ikkje respondere, og det kan også tenkast at det vert teke feilaktige vurderingar knytt til dei meldingane som kjem inn, seier fylkeslegen.
Det er heilt klare retningslinjer for korleis dette skal fungere, meiner Stensland. Reglane har vore kjende for kommunane i fleire år. Det er heilt naudsynt at kommunane svarer og er til stades for oppkalling.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS