Akuttmedisin

Sogn og Fjordane: Helikopter flyr ikkje – må frakte pasientar i skyssbåt

Publisert Sist oppdatert

Mange ferjer ligg til kai måndag kveld, og helikopter kan nesten ikkje fly. Helse Førde vurderer difor skyssbåt som einaste alternativ for helsepersonell over fjordane, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Mannheller-Fodnes det einaste store ferjesambandet som er i drift i Sogn og Fjordane i kveld. Dette gjer at det er vanskeleg for helsemannskap å transportere pasientar.
– Vi gjer vårt beste, men vi slåst mot naturkreftene og ein veg kan plutseleg stenge utan at vi kan føresjå det, seier Terje Olav Øen i Helse Førde.
Eitt av alternativa når vegar er stengde er helikopter, men det er for sterk vind til å kunne stole på transport gjennom lufta.
– Vi har ingenting som flyr. Luftambulansen flyr ikkje, og redningshelikopter er avventande og må vurdere frå oppdrag til oppdrag etter kor sterk vinden er, seier Øen.
Les heile saka hjå NRK Sogn og Fjordane

Powered by Labrador CMS