Aktuelt

Helse Bergen er utan avtale for pasientreiser i fleire distriktskommuna

Frå 12. oktober 2020 vil Helse Bergen vere utan avtale for transport av pasientar med rekvisisjon i fleire distriktskommunar.

Publisert Sist oppdatert

Helse Bergen beklagar ulempene dette medfører for berørte pasientar. Vi håper å ha nye avtalar på plass i løpet av vinteren, skriv dei i ei nyhetsmelding.

For pasientar som reiser frå dei aktuelle områda/kommunane, betyr dette at dei frå og med 12. oktober må ordne med transport sjølve og legge ut for reisa, for så å søke refusjon i etterkant.

– Vi er svært leie oss for at vi ikkje lenger kan tilby pasientar alle stader tilrettelagt transport slik vi har gjort til no, seier avdelingssjef Ann-Mari Høiland i Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen.

At Helse Bergen står utan avtale i desse områda, skuldast at dagens avtalar med ei rekke drosjeselskap går ut, utan at helseføretaket og drosjeselskap i dei gjeldande områda har blitt einige om nye avtalar.

– Sjølv om vi ikkje kan bestille transport for alle lenger, vil vi bistå og rettleie så godt vi kan i det enkelte tilfelle, seier Ann-Mari Høiland.

Les heile nyhetsmeldinga hjå Helse Bergen

Powered by Labrador CMS