Aktuelt

– Gjorde riktig vurdering

Fekk melding om livlaus mann, men rykte ikkje ut. Fylkeslegen har no konkludert med at helsepersonellet gjorde riktig vurdering.

Publisert Sist oppdatert

Fekk melding om livlaus mann, men rykte ikkje ut. Fylkeslegen har no konkludert med at helsepersonellet gjorde riktig vurdering.

Les heile saka på Firda.no

Fylkeslege Petter Øgar har no avslutta ei sak som blei tatt opp for andre gong etter klage frå pårørande.

Utrykking ikkje naudsynt
Saka gjeld ein eldre mann som i fjor haust blei funnen livlaus i ytre strøk på grenselandet mellom Nordfjord og Sunnfjord.

Akuttmedisinsk kommunikasjonssentral (AMK) og vakthavande kommunelege meinte det ikkje var nødvendig med full utrykking ut frå meldinga dei fekk frå personen som fann den eldre mannen.

Dei pårørande meinte denne avgjerda var feil og meinte det riktige hadde vore full utrykking og forsøk på gjenoppliving.

Gjorde riktig vurdering
Dei klaga så saka inn. Men etter ein gjennomgang i vinter konkluderte fylkeslegen med at helsepersonellet hadde gjort riktig vurdering.

Dette klaga dei pårørande på, og difor gjekk ein utanforståande sakkunnig gjennom saka på nytt.

– Også han var einig med oss, så no er saka avslutta, seier Øgar.

Powered by Labrador CMS