Medieklipp

Transportkuvøse: I Bergen har dei valt å la ho ligge
Fare for smitte av koronaviruset gir luftambulansepersonellet i Noreg eit dilemma.
I Bergen har dei førebels valt å ikkje bruke transportkuvøse på akutte oppdrag, skriv NRK Vestland.
– I veldig mange tilfelle i denne sjukdommen, kan vi komme like langt med dei gode, basale smitteverntiltaka, seier sjef for akuttmedisinsk avdeling ved Haukeland universitetssjukehus, Øyvind Østerås.
Personellet på luftambulansen kjemper ei kamp mot klokka. Pasientane deira er nesten alltid alvorleg sjuke eller skada, og sekunda tel.
Men koronaviruset har gitt luftambulansen eit dilemma. Skal dei bruke ei transportkuvøse for å sikre eige mannskap mot smitte, eller skal dei prioritere helsa til pasienten?
Ti timar pasientfrakt
I Bergen har dei førebels valt å la den spesialbygde transportkuvøsa ligge, sjølv om den er klar til bruk.
Ein av grunnane er at ikkje alle luftlegane har opplæring i bruk av kuvøse, men at hovudårsaka er at bruken tek for mykje tid, og at god tilgang til akutt sjuke er viktig for å utføre den nødvendige behandlinga.
– Det tek tid å bruke kuvøsa på rett måte. Dei som blir frakta med luftambulansen er nesten alltid alvorleg sjuke og skada. Det å ha tilgang til pasienten, og kunne utføre behandling undervegs er viktig, argumenterer Østerås i Bergen.
For å kunne utføre den behandlinga, men likevel halde seg smittefri, er luftlegane kledde i fullt smittevernutstyr, med frakk, briller, hansker og munnbind.
Men det blir praktisert ulikt elles i landet. Førre helg tok det ti timar då ein koronasmitta mann i Lofoten skulle bli frakta til Nordlandssjukehuset i Bodø for behandling, fordi han måtte transporterast i kuvøse.
Førre fredag var ein luftambulanselege frå Helse Bergen på kuvøse-kurs saman med Forsvaret. 330-skvadronen hasteinnkjøpte nyleg fem slike transportkuvøser. Der fekk dei meir kunnskap om effektiv bruk av kuvøsa, men vil fortsette med smitteverntiltaka dei allereie har innført.
– Vi fekk bekrefta det vi trudde, at det er tidkrevjande å bruke denne kuvøsa på ein rett måte, seier Østerås.
Les meir om saka hjå NRK Vestland