Medieklipp

Randi vart permittert frå hotelljobben. No vaskar ho ambulansar i Helse Bergen
Randi Heimdal (31) er redninga for sjukehus som manglar arbeidskraft.
Den permitterte kokken vaskar no ambulanse for å hindre koronasmitte, skriv NRK Vestland.
– Det er uvurderleg. Dei er heltane våre.
Attesten kjem frå Øyvind Østerås, lege ved Haukeland universitetssykehus.
For kort tid sidan gjekk sjukehuset ut og oppfordra folk til å melde seg som arbeidskraft.
Dei siste dagane har fleire enn 1100 meldt seg. I all hovudsak helsearbeidarar, men også permitterte frå andre bedrifter.
I samarbeid med Nav er målet å fange opp permitterte frå bedrifter som i desse dagar må nedbemanne.
Sjefen spurde om ho ville jobbe med dette
Ho jobbar i ambulansen saman med ein kollega, som til dagleg er resepsjonist ved det same hotellet.
Arbeidet dei utfører er særs viktig. Ambulansane som har blitt brukt til transport av pasientar med smitte må vaskast ned. Det er avgjerande for å hindre at neste pasient eller ambulansepersonell blir smitta av korona. Om vasken blir borte, kan ambulansen bli ei smittebombe ut mot befolkninga.
– Vi vaskar alle kontaktpunkt og litt til, slik at alt er reint. I tillegg har vi fått god opplæring i kva og korleis vi skal kle oss. Eg føler det går veldig bra, seier ho.
Behov for hjelp
Med ein gong pasientane er frakta frå køyretøyet, set reinhaldarane i gong med å vaske ambulansen innvendig. Når ambulansepersonellet kjem att med den tomme båra, er bilen rein og kan vere klar til neste oppdrag umiddelbart. Helsepersonellet ser dagleg kor viktig innsatsen til dei permitterte er.
– Dei blir høgt sett på av ambulansepersonellet, og vi er ekstremt glad for at dei er her og hjelper oss. Dette er ein nyttig måte å bruke dei permitterte på, slik ta vi kan bli meir effektive i jobben ambulansepersonellet må utføre, seier lege Øyvind Østerås.