Luftambulanse
Kuttar i ambulanseflyberedskapen
Avinor endrar ambulanseflyberedskapen ved 14 lufthamner, ti av desse vil stå utan beredskap om nettene, skriv NRK.
Sjå Avinor sin rapport: Anbefalingane i utgreiinga viser moglegheit for å redusere kostnader for Avinor med minst 15 millionar kroner per år.
– Vi ser at ved nokre av lufthamnene så vert ikkje høve til å ta ned ambulansefly nytta i det heile. Ved enkelte lufthamner har det kanskje vore så lite som eitt tilfelle i året, seier Gurli Høeg Ulverud, kommunikasjonssjef i Avinor.
Endringane kjem til å bli sett i verk i løpet av året, forklarar ho.
Meir effektivt med bil og helikopter
Ambulansefly fraktar blant anna donerte organ, og hardt skadde pasientar i heile landet. Det vil framleis vere tilgjengeleg ambulanse- og redningshelikopter.
– Ved dei lufthamnene vi kuttar heimevakta er det ikkje behov for ei ordning som gjer at ein må bemanne lufthamna utanom opningstid. I fleire tilfelle vurderer helseføretaka biltransport og helikoptertransport som meir effektivt, seier Høeg Ulverud.
Ved lufthamnene i Sogndal, Førde og Sandane er det vurdert at det er forsvarleg å endre beredskapen. I Florø vert det inga endring.
– Vi meiner dette ikkje vil gå utover pasienttryggleiken, og det meiner også helseføretaka, seier Høeg Ulverud.
Les meir om saka hjå NRK