Innenriks
Livreddande undervisning
Elevar frå ambulanselinja på Os VGS lærte 5.-klassingar om kva dei må gjera dersom dei ein gong kjem først på ein ulukkesstad, skriv Os og Fusaposten.
– Kor mange kan du sjå på scena? spør politibetjent Anne Lyssand elevane som sit i ein heilt mørk sal.
Ho skrur på lommelykt, slik at ein kan sjå dei med refleks på. Til slutt kjem lyset heilt på, og ein ser også dei mørkkledde - utan refleks.
Elevane ser alle - også i mørket - men det er ikkje alle bilistar som har like godt mørkesyn som ein 10-åring.
– Dette gjer me for å visa kor viktig det er å ha på seg refleks. Frå i dag av må de passa på at de alltid har med dykk refleks - og gjerne mamma og pappa også, seier Lyssand.
Femteklassingane har i haust fått lov å sykla til skulen for første gong. Anne Lyssand lurte på om dei visste kva som er viktig å hugsa på når ein skal sykla til skulen.
–Refleks, hjelm, sykkellykt og gode bremsar, kjem elevane fram til.
– Du får faktisk ikkje straff av politiet dersom du syklar utan hjelm. Men mi private meining er at det burde vore forbode. For det er så viktig, sa Lyssand.
Elevar lærte elevar
Utanfor vart det gjeve demonstrasjon av førstehjelp. Mange gruar seg for å gjera noko når dei kjem til ein ulukkesstad, men med meir kunnskap er det lettare å gripa inn.
– Først må du sjekka om han er vaken og pustar. Viss ikkje, så må ein setja i gang med hjarte- og lungeredning, sa ein av elevane ved ambulanselinja.
Etter ein demonstrasjon fekk elevane prøva seg. Dei færraste torde å utføra munn-til-munn-metoden, medan kompresjonane gjekk lettare.
Varabrannsjef Arne Monsen poengterte at dersom nokon av elevane ville bli brannmann, så måtte dei kunna dette.
– Alle brannfolk kan livreddande førstehjelp. Ofte er me først på staden, og då er det me som må gjera det, sa han.
Les meir om saka hjå Os og Fusaposten