Hopp til hovedinnhold
Båten kjem inn etter oppdrag. Foto: Lina Kristine Tennefoss Vatshelle.


Stasjonen vår: Austevoll ambulansestasjon

Austevoll har ikke så mange innbyggjarar, men ambulansetenesta rykkjer ut på oppdrag frå Fedje i nord til Espevær i sør, til vegs og til sjøs.

Det er ein mild vinterdag og stille før stormen når Ambulanseforum vitjar Austevoll. For personellet som er på vakt på Austevoll Ambulansestasjon starta dagen med ein raud tur med ambulansebåten. Påtroppande kaptein Marius Strømmen sit tolmodig og ventar på å gå på vakt. Han starta dagen med å køyre frå Måløy der han bur, til Austevoll same dag. Dette er kvardagen til mange av dei som jobbar i denne bittelille øykommunen på Vestlandet: Pendling frå fjern og nær. Heldigvis har personellet ein turnus som tillet pendling, med relativt lange periodar på jobb – og lange periodar med fri.

Fra Fedje til Espevær

Marius fortel ivrig om arbeidskvardagen på den nye båten «Austevolljenta» som vart sett i drift i februar 2022. Kvardagen på ein ambulansestasjon med båt og bil er nok ganske annleis enn på mange andre stasjonar. Austevoll kommune består av 667 øyer, holmar og skjer, og ein er heilt avhengig av båten for å kunne hjelpe mange av innbyggjarane som bur «der ingen skulle tru at nokon kunne bu». Austevoll har om lag 5300 innbyggjarar, men ambulansebåten rykkjer ut på oppdrag frå Fedje i nord til Espevær i sør. Ein relativt stor del av Vestland fylke med andre ord. I tillegg til ordinære ambulanseoppdrag er båten rigga for det meste ein kan kome borti på sjøen. Søk og redning, brann i båt og naust, evakuering av skip. Berre fantasien set grenser.

Ambulansestasjonen og bilparken i Austevoll.
Ambulansestasjonen og bilparken i Austevoll. Foto: Lina Kristine Tennefoss Vatshelle.

Etter om lag ein time med småprat legg «Austevolljenta» til kai. Ein litt sliten kaptein får gå av vakt, og Marius Strømmen går på. Det blir gjeve ein rapport som inneheld ord og omgrep som ikkje er mykje brukt på stasjonar på fastlandet. Underteikna overhøyrer ord som styrbord, babord og akterdekk, og gjer seg opp nokre tankar om at det må vere utfordrande å jobbe som ambulansearbeidar på sjøen dersom ein ikkje er båtvan.

Bli plussabonnent å få full tilgang til alle våre artikler.