Ambulanse
Meiner lokaliseringa av ambulansebåten har ført til tap av menneskeliv
Slik heiter det i eit innspel frå ambulansetenesta i Sande til helseføretaket og rådmannen.
Her vert det slått fast at lokalisering av ambulansebåt utan fast ambulansepersonell «utan tvil må vere på Larsnes».
– Taper 15 – 20 minutt
I dag er ambulansebåten fast stasjonert på Kvamsøya om natta. For å hente ambulansepersonell må båten difor over fjorden til Larsnes først, og deretter utover igjen til Voksa, Sandsøya eller Kvamsøya.
– Dette kjem alle til gode, både fagleg og med tanke på tryggleiken for folket på øyane, skriv ambulansetenesta.
Ut på anbod igjen
Det skal no førebuast nytt anbod for ambulansebåtdrifta i Sande, eit tilbod som elles også skal vere tilgjengeleg for resten av regionen ved behov. I denne samanheng har ambulansete- nesta i Sande også ein del andre innspel.
– Dette er absolutt ikkje ønskjeleg fordi det medfører stor risiko både for pasientane, oss sjølve og medisinsk utstyr, heiter det frå ambulansetenesta. Dei omtalar ei slik lasting om lovstridig, ifølgje Sjøfartsdirektoratet.
Deira konklusjon er at alle kaier skal vere godkjende for føremålet, og ferjekai skal nyttast berre i naudtilfelle.
Ønskjet er å laste pasientar inn sidevegen frå ei brygge utan betydeleg nivåforskjell. Ambulansetenesta har elles no- kre innspel kring korleis dagens tre ambulansebåtkaier funge- rer/ikkje fungerer.
– Må dokumenterast
Dagleg leiar Jarle Støylen i Sande Båtutleige AS seier seg svært overraska over delar av innhaldet i ambulansetenesta sitt innspel til helseføretaket.
– At lokaliseringa har ført til tap av menneskeliv er ein påstand som må dokumenterast, seier leiaren for selskapet som driv ambulansebåten.
– Det har verken selskapet eller mannskapet kjennskap om, legg han til. Heller ikkje når det gjeld utrykkingstida er Støylen på linje med det ambulansepersonellet seier:
– Skilnaden i utrykkingstid, vel å merke når båten ligg på Kvamsøya, er åtte – ni minutt. Det har også skjedd ofte at båten har gått til Larsnes, for så å måtte vente på at ambulansepersonellet kjem, legg han til.