Ambulanse

Fylkesordføraren tatt på senga

Publisert Sist oppdatert

Ny opplæringsmodell kan skapa utfordringar for ambulansefag-linja til Sauda vidaregåande skule, melder Ryfylke.net.

Det kan verka som at me har fatta eit vedtak utan å innhenta nok informasjonsgrunnlag, vedgår fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal (KrF).
Tysdag var ho i Sauda på besøk hos Sauda vidaregåande skule, der ho fekk informasjon om skulen, om YSK-linja og om ambulansefag-linja. Det var på slutten av besøket inne hos ambulansefag-elevane at tilsette ved skulen tok opp utfordringane skulen ser kan komma dersom den nye, planlagde opplæringsmodellen i ambulansefaget blir vedtatt.
Utdanningsdirektoratet har nemleg, som ein følge av endringar av kompetansekrava i akuttmedisinforskrifta, foreslått ein ny opplæringsmodell i ambulansefaget. I forslaget ønsker ein å gå frå modellen med to års opplæring i skule og to års opplæring som lærling, til ein modell der ein må ha tre års opplæring som lærling i tillegg til dei to skuleåra.
I den nye akuttforskrifta blir det også stilt nye krav om kompetansebevis for førarar av utrykkingskjøretøy, noko som betyr at lærlingar ikkje kan vera andremann på ambulansebilen før dei er fylt 20 år. Ved Sauda vidaregåande skule fryktar dei at det lange utdanningsløpet, med utfordringar knytt til kompetansekrav i læretida, kan redusera interessa for den nå svært populære fagutdanninga.
Det er per i dag 112 søkarar til dei 15 elevplassane komande skuleår. Då fylkesordførar Solveig Ege Tengesdal besøkte ambulanselinja tysdag blei ho konfrontert med at Rogaland fylkeskommune i fjor gav ein positiv høyringsuttale til forslaget om ein ny opplæringsmodell i ambulansefaget – utan at fylkeskommunen undersøkte kva syn Sauda vidaregåande skule har på saka.
Ege Tengesdal blei tydeleg beklemt av dette, og kunne bare beklaga at Sauda ikkje fekk sjansen til å bli høyrt i saka.
– Dette er ei sak me må undersøka vidare og som me må ta opp med dei som sit på Stortinget, sa ho.

Les saken hos Ryfylke.net.
Powered by Labrador CMS