Ambulanse

Ambulansesjef: – Kjem ikkje til å endre opplæringa

Publisert Sist oppdatert

Klinikksjef Terje Strand ser ingen grunn til å gi ambulansepersonell opplæring i kva grep som er farlege, trass hendinga der Erik Are stedt ble kvalt på legevakta, skriv NRK Norge.
Strand er leiar for prehospital klinikk ved Oslo Universitetssykehus, og har ansvar for ambulansetenesta i hovudstaden.
– Eg ser ingen grunn til at vi skal lære opp dei tilsette i kva grep ein kan bruke eller ikkje. Vårt personell får opplæring i korleis dei skal komme seg ut av trugande situasjonar. Der ein treng å halde pasientar fast, er det politiet sin jobb, seier Strand til NRK.

– Ikkje vår jobb å bruke makt

Strand er sjølv anestesilege og har arbeidd fleire år i Norsk Luftambulanse. Han fortel at ambulansepersonellet av og til kjem utfor trugande situasjonar med fysisk utagering. Som regel er desse hendingane knytta til rus og psykiatri, ifølgje klinikksjefen.
– Vi meiner det riktige er å lære våre folk korleis ein kan roe ein situasjon ned slik at den blir mindre trugande, og korleis ein eventuelt kan komme seg bort og i tryggleik. Politiet skal bistå når pasientar er utagerande, seier Strand.
– Men kjem ikkje ambulansepersonell av og til utfor trugande pasientar der ein kan bli tvinga til å bruke makt?
– Det kan vere vi må bruke makt i enkelte situasjonar, men då er det i mild form, til dømes at vi må holde fast ein arm for å få gitt medisinar. Men halsgrep og arrestasjonsteknikk er ikkje noko vi lærer våre tilsette. Det er ikkje vår jobb å bruke makt, seier Strand.
Les meir om saka hjå NRK

Powered by Labrador CMS