Utdanning

50 søkjarar til seks plassar

Høyanger vidaregåande skule har 50 søkjarar til dei seks plassane i ambulansefag kommande skuleår.

Publisert Sist oppdatert

Høyanger vidaregåande skule har 50 søkjarar til dei seks plassane i ambulansefag kommande skuleår, ifølge Høyangerportalen.

Men ifølgje rektor Ottar Hjetland ved Høyanger vidaregåande skule er det ikkje aktuelt å auke talet på plassar.

– Så lenge vi ikkje har nok læreplassar å tilby når dei er ferdige på skulen i Høyanger, er det uaktuelt. Talet på plassar vi har i dag er i tråd med det vi klarer å skaffe, seier han til Ytre Sogn, og fortel at siste par åra har dei også måtte sende nokre ut av fylket for at dei skulle få læreplass i ambulansefag.

– I år ser det imidlertid ut til at vi skal greie å finne alle læreplassane her i fylket, seier Hjetland.

Les meir om saka hjå Høyangerportalen

Powered by Labrador CMS