Responstid
Politiet er einaste naudetat utan krav til responstid
Både ambulanse og brannmannskap har strenge krav på kor lang tid dei kan bruke før dei er på plass på eit oppdrag. Det har dei ikkje i politiet.
Både ambulanse og brannmannskap har strenge krav på kor lang tid dei kan bruke før dei er på plass på eit oppdrag. Det har dei ikkje i politiet,skriv NRK Sogn og Fjordane.
Til dømes er målet for ambulansetenesta at 90 prosent av befolkninga skal kunne nåast av ein ambulanse innan 30 minutt. Ved dei alle mest akutte oppdraga er målet at ambulansen skal vere framme innan 12 min.
Går ut over publikum
For politiet er ikkje responstid ein gong med i dei ulike måltala som blir brukt for å analysere arbeid dei gjer.
Det finst heller ikkje ei oversikt over korleis responstida har utvikla seg siste åra. Det meiner fylkesleiar i Politiets Fellesforbund i Sogn og Fjordane Kjetil Drange går ut over publikum.
– Det medfører at vi ikkje har noko krav på oss og vi kjem ofte seint ut. Som regel er vi siste eining på åstaden. Vi føler litt sånn bismak når vi kjem som siste eining og det berre er brannvesenet som er igjen på ei ulukke og som dirigerer trafikken, seier Drange.