Nødmeldetjeneste
Feira full integrering av naudnettet
Sjølv om naudnettet har vore oppe og i bruk ei stund er det først i dag at systemet kan nyttast fullt ut av helsepersonell - det vart feira på Sogn lokalmedisinske senter, skriv Porten.no.
– No kan eg kopla saman til dømes ein ambulanse med ein radio som går på naudnettet med vanlege mobiltelefonar eller fasttelefonar. At det blir så mykje enklare å samhandla på tvers er det nye, seier Marianne Øren.
Ho har vore instruktør for femten sluttbrukarar av det nye systemet på legevaktsentralen i Lærdal. Fram til no har berre radioane som er på naudnettet kunne kommunisera, men med den nye sentralen kan ein kopla saman radioar med telefonar.
– Alle mastene som ber informasjonen kom på plass i 2015, men systemet for å handsama sjølve infoen som gå gjennom nettet har ikkje vore ferdigstilt for helse før no. Ulike kjelder kan koplast saman i ei talegruppe, fortel Bjørn Jarle Wiger, som prosjektleiar for naudnett i Helsedirektoratet.
Les heile saka hos Porten.no