Medieklipp

Illustrasjonsbilde. Fra Prosjekt Oppfølging av førstehjelper.

Oppfølging av førstehjelpere: ønsker å ta innovasjonen ut i verden

Tenk deg at du plutseleg ein dag blir den eine personen som må gi førstehjelp. Ein person fell om på gata, eller du er førstemann på staden ved ei bilulukke, eller ein kjær slektning får hjartestans i familieselskap. Kva gjer du? Og korleis taklar du hendinga etterpå?

Publisert Sist oppdatert

Dette er noko som Regionalt akuttmedisinsk kompetansesenter i Helse Vest (RAKOS) har tenkt mykje på.

Så mykje at dei har utarbeidd rutinar i helsevesenet for å hjelpe førstehjelparane til å takle og jobbe med alle kjenslene som kjem etterpå. Dette skriv Helse Vest på sine nettsider.

– Kva har de gjort, som andre ikkje har gjort?

– Det viktigaste vi gjer, er å finne ut kven førstehjelparen er, og invitere denne til ein samtale med oss etter hendinga.

Vi har utarbeidd eit system for dette og tilbyr ein samtale på kring 90 minutt for å snakke om kjensler og sjølve hendinga, som for førstehjelparen kan ha vore dramatisk. I første rekkje lyttar vi til det førstehjelparen ønskjer å ta opp med oss.

Når ambulansen køyrer av garde

Prosjektleiar Anna Marie Moe Øvstebø legg til at noko av det viktigaste dei kan gjere for førstehjelparen, er å gi ei anerkjenning frå helsetenesta for jobben dei gjorde då hendinga skjedde.

– Berre det å ringje 113 er ei stor meistring i seg sjølv. Det å sikre at hjelpen er på veg, er god tryggleik.

Dersom dei i tillegg får hjelp til å utføre førstehjelp på staden, med rettleiing på telefon, kan vere det som gjer at personen overlever. Det å utføre brystkompresjonar fram til ambulansen kjem, er både fysisk og psykisk krevjande.

Då er det godt å kunne stille spørsmål etterpå og få tips til korleis ein kan handtere eventuelle plagar etterpå.

Førstehjelparen får ein teknisk og medisinsk gjennomgang av hendinga, for å skjøne kva han har vore med på.

Av dei som kjem til oss for ein slik samtale seier 80 prosent at det er nok med denne eine samtalen, men nokre ønskjer litt meir tid, fortel Øvstebø.

Først Noreg, så verda

– Vi har eit arbeid i gang med å lage ein nasjonal database for dette arbeidet. RAKOS har fått i oppgåve frå Helse Vest å få denne databasen på plass, og vi har som mål om at vi har ei landsdekkjande løysing på plass i løpet av 2-3 år, fortel Thomas Lindner, senterleiar for RAKOS, som held til i Helse Stavanger.

– Sjølv om dette allereie er et landsdekkjandene tilbod ønskjer vi at det skal vere fleire helseføretak i landet som tilbyr lokal oppfølging.

Vi meiner at dette tilbodet kan auke den generelle beredskapen i landet og at folk veit at dei vil få hjelp etterpå, dersom dei gir førstehjelp til andre. Dette skal vi også forske vidare på, seier Thomas Lindner.

RAKOS har vore i kontakt med fleire land som vil kopiere oss og tilpasse hos seg. Dette er blant anna Region Syddanmark og helsemyndigheiter i Irland og Skottland.

Les heile saken på Helse Vest sine nettsider.

Powered by Labrador CMS