Medieklipp

Tilsvarende syketranpsortbil fra OUS.

Kapasitetsutfordringar for pasienttransport

Ein stor auke i aktiviteten innan pasienttransport gir utfordringar for både AMK, ambulansetenesta, Syketransport og Pasientreiser. Også drosjenæringa har kapasitetsutfordringar

Publisert Sist oppdatert

Både Akuttmedisinsk avdeling og Pasientreiser set no inn tiltak, i tillegg kan dei som rekvirerer pasienttransport bidra, skriv Helse-Bergen på sine nettsider.

Forrige veke heva Helse Bergen beredskapsnivået i sjukehuset til grøn beredskap.

Bakgrunnen for dette er auka tilstrøyming av Covid-19-pasientar, auke i innleggingar av pasientar med andre luftvegssjukdommar (RS-virus), generelt høg aktivitet i heile føretaket og bemanningsutfordringar.

– I denne situasjonen er det svært viktig for kapasiteten på sengepostar og avdelingar at vi får transportert ferdigbehandla pasientar ut frå sjukehuset same dag som slik transport blir bestilt, seier avdelingssjef Øyvind Østerås i Akuttmedisinsk avdeling og avdelingssjef Ann-Mari Høiland ved Avdeling for pasientreiser, Helse Bergen.

Dei ber no alle som rekvirerer pasienttransport om å bidra ved å:

  • Undersøke om pasienten kan ordne reisa sjølv; Køyre privat eller nytte offentleg transport
  • Rekvirere drosje eller rullestoldrosje, framfor Syketransport og ambulanse, til pasientar som ikkje treng liggande transport eller medisinsk tilsyn
  • Bestille transport dagen før eller så tidleg på dag som mogleg

Dette vil Akuttmedisinsk avdeling og Avdeling for pasientreiser sjølve gjere for å betre situasjonen:

  • Sikre eller auke kapasiteten på Syketransport og ambulansar på ettermiddag og kveld
  • Undersøke moglegheiter for å få bistand via avtalar med frivillige organisasjonar
  • Ved lang ventetid vil vi gå i dialog med rekvirent om andre moglege transportalternativ
  • Pasientreiser vil samkøyre pasientar med drosje ihht FHI sine retningslinjer, og oppfordre til bruk av munnbind

– Dette er ein krevjande situasjon for alle involverte, og vi håper på godt samarbeid for å gjere belastninga på pasientar og pårørande minst mogleg, seier Østerås og Høiland.

Les heile saken på Helse-Bergen sine nettsider.

Powered by Labrador CMS