Medieklipp

Tilsvarende syketranpsortbil fra OUS.

Kapasitetsutfordringar for pasientreiser - kan belaste ambulansetenesta

Nye retningslinjer frå FHI gjer at pasientreiser endrar rutinene sine i samsvar med Råd for transport av pasienter/brukere.

Publisert Sist oppdatert

Det inneber blant anna at det blir avgrensa moglegheit for samkøyring, noko som påverkar ein allereie pressa kapasitet innan pasienttransport i Bergensområdet, skriv Helse Bergen på sine nettsider.

• Pasientreiser berre vil samkøyre i større bilar med moglegheit for å halde god avstand

• Pasient og følge bør sitje i baksete

• Sjåførar, pasientar og følge må ha på munnbind under transport

Det er særleg i Bergensområdet dei nye retningslinjene vil kunne gi lange ventetider på transport.

Her er det stor auke i aktiviteten innan pasienttransport, samtidig som drosjenæringa har store kapasitetsutfordringar.

For å sikre tilrettelagt transport for dei som treng det mest blir det no jobba med å finne alternative transportløysingar der det er mogleg.

– Vi undersøker for eksempel moglegheitene for å få bistand via avtalar med frivillige organisasjonar, fortel Ann-Mari Høiland, avdelingssjef ved Avdeling for pasientreiser i Helse Bergen.

– Vi går også i dialog med dei som rekvirerer pasienttransporten om andre moglege transportalternativ når vi ser at det er lange ventetider.

Bekymra for auka trykk på ambulansetenesta

Avdelingssjef Øyvind Østerås i Akuttmedisinsk avdeling er bekymra for at kapasitetsutfordringa innan pasientreiser kan medføre eit auka trykk på ambulansetenesta.

Vi har allereie i dag ein pressa kapasitet, med høgt sjukefråver blant tilsette og ein stor auke i talet på ambulanseoppdrag. Vi jobbar hardt for å sikre ei kort responstid til alvorleg sjukdom og skade.

No er det særdeles viktig at dei som kan ordne transport sjølve gjer det, og at dei som rekvirerer transport rekvirerer riktig transport til riktig bruk, slik at akuttambulansar blir reservert pasientar med behov for overvaking og behandling, seier Østerås.

Både Høiland og Østerås understrekar at dette er ein krevjande situasjon for alle involverte.

– Vi håper på godt samarbeid for å gjere belastninga på pasientane minst mogleg, seier dei.

Les heile saken på Helse Bergen sine nettsider.

Powered by Labrador CMS