Medieklipp

Helse Førde held fast på tilråding om ambulanseplan

Styret i Helse Førde skal denne veka handsame framlegg til ein prehospital plan.

Publisert Sist oppdatert

Målet er å sikre gode og forsvarlege helsetenester for alle innbyggarane i Sogn og Fjordane, skriv Helse Førde på sine nettsider.

Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, held på løysingane han tidlegare har fronta i saka om preshospital plan, som skal behandlast av styret kommande veke.

Det inneber mellom anna at Ytre Bremanger i utgangspunktet skal servast av ny ambulansebåt plassert i Florø og ambulansebil i Svelgen.

Dette er heile framlegget til vedtak som styret skal ta stilling til på møtet førstkommande torsdag:

1. Ambulansestasjonen i Lavik blir oppretthalden, og den eine døgnbilen i Fjaler vert gjort om til dagbil. Endringa skal gjennomførast i dialog med kommunane.

2. Dei primære ressursane for å dekke behovet for prehospitale tenester i Ytre Bremanger skal vere ambulansebåt frå Florø og ambulansebil frå Svelgen.

Endringa skal gjennomførast i dialog med Bremanger kommune.

3. Endringane knytt til stasjonane i Fjaler og Ytre Bremanger skal ikkje gjennomførast før dei nye ambulansebåtane er i drift.

4. Administrerande direktør skal gjennomføre halvårleg evaluering av utviklinga av tenestetilbodet, i dialog med dei andre aktørane i den akuttmedisinske kjeda, dei første to åra etter endringa.

Evalueringa skal gjerast med utgangspunkt i risikovurderingane for Bremanger og Dalsfjorden/Ytre Sogn, og administrerande direktør sine vurderingar i denne saksutgreiinga.

5. Samanslåinga av Hornindal og Volda får ingen konsekvensar for dei prehospitale tenestene i Nordfjord, og forslaget som låg til grunn etter fase 2 for prehospital plan kan gjennomførast.

Eit stort arbeid

Arbeidet med prehospital plan har gått over mange år, og har resultert i ein heilskapleg plan der innbyggarane i Sogn og Fjordane i framtida totalt sett er sikra gode og forsvarlige helsetenester.

Utgreiingane som ligg til grunn for denne siste fasen, er følgde opp av vurderingar av risiko og tiltak.

Konklusjonen til administrerande direktør er at innbyggarane får ei forsvarleg teneste når den eine av to døgnbilar i Fjaler blir gjort om til dagbil, og Ytre Bremanger får ny ambulansebåt i Florø og ambulansebil i Svelgen som primærressurs.

Samtidig viser han til at god økonomistyring er ein viktig del av det å drive gode helsetenester.

Les meir om Helse Førdes prehospitale plan på heimsida deira.

Powered by Labrador CMS