Medieklipp
Fylkesmannen: - Forsvarleg teneste
Fylkesmannen meiner at Luster kommune og Helse Førde ytte forsvarlege helsetenester til ein pasient som døydde i heimen under orkanen Dagmar i romjula.
Fylkesmannen meiner at Luster kommune og Helse Førde ytte forsvarlege helsetenester til ein pasient som døydde i heimen under orkanen Dagmar i romjula, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Då personen fall om i heimen medan Dagmar herja i romjula, måtte dei pårørande sjølve køyre for å hente ambulansen. Då dei kom tilbake var vedkommande død.
No har Fylkesmannen granska hendinga, og komme fram til at utfallet i saka ikkje hadde samanheng med brot i telesambandet – men at pasienten døydde av akutt sjukdom og budde i lang avstand til helsetilbod.
Sette i verk riktige tiltak
Telesambandet var nede på grunn av uvêret, då ein mann i 70-åra vart akutt sjuk. Dei pårørande fekk ikkje kontakt med AMK-sentralen.
I etterkant av hendinga vart det sett i gang gransking. Her konkluderer Fylkesmannen med at Helse Førde og Luster kommune hadde beredskapsplanar, og at dei sette i verk tiltak i tråd med desse då det vart klart at pasientane ikkje kom gjennom på telefon då straum og telenettet fall ut.