Medieklipp
Bilbergarane vil bli varsla raskare når det skjer trafikkulukker
Både bergingsbilsjåførar og Norsk Luftambulanse vil at bergingsbilane skal bli varsla raskare når det skjer trafikkulukker. – Det kan berge liv.
Både bergingsbilsjåførar og Norsk Luftambulanse vil at bergingsbilane skal bli varsla raskare når det skjer trafikkulukker. – Det kan berge liv, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Les òg: Gløymer debrif på bilbergarar
Bilbergarane har ofte utstyr som er nyttig for redningsarbeidet, spesielt i samband med ulukker der lastebilar og bussar er involvert.
– Når det skjer ulukker tel kvart minutt, og då må vi få beskjeden raskt, er bøna frå bergingsbilsjåfør Georg Piel på Stårheim i Nordfjord.
– Vi må vere den fjerde knappen
Utanfor stasjonen hans ved riksveg 15 halvanna mil frå Nordfjordeid i Sogn og Fjordane står bilane alltid klare. Piel har i snart 40 år rykt ut til uhell og ulukker langs vegane.
Ved store trafikkulukker kan utstyret og kunnskapen til bilbergerane vere livsviktig. Likevel opplever dei å bli varsla for seint. Piel vil ha varsling samtidig med dei tre naudetatane.
– Når uhellet er ute, spesielt ved større ulukker, er det snakk om minuttar dersom ein skal berge liv. Det må vere slik at vi er den fjerde knappen, slik at vi blir varsla raskt, kjem oss til plassen og kan bidra dersom det er behov for oss, seier Piel.
Jan Einar Andersen i Norsk Luftambulanse seier bilbergarane heilt klart spelar ei rolle.
– I alle ulukker kan bilbergarane bli viktige støttespelarar, men spesielt er dei viktige i ulukker med lastebilar og bussar. Då er det heilt avgjerande at vi har dei med oss på ulukkesstaden, seier Andersen.