Innenriks
Hostar svarte sotklumpar
Etter brannen i Gudvangatunnelen: Dei som opplevde røykinfernoet, slit med seinverknader som klaustrofobi, angst og astma. Den franske familien Louis er merkt for livet, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Fem månader har gått sidan Valerie Louis og familien uforvarande hamna i sitt livs drama. Framleis merkar dei den skakande hendinga i kropp og sinn. Dei måtte gå ni kilometer for å komme ut av tunnelen...
Panikk
– Det treng berre vera ei lukt eller ein lyd, så er me tilbake i Gudvangatunnelen, fortel Louis.
Ho og dottera på 22 er framleis redde etter det som skjedde. Louis fortel om den sanselause frykta som kom att då ho var på eit tog til Paris, som stogga eit par minuttar i ein tunnel.
Over 70 andre menneske var langt inni den 11,5 kilometer lange Gudvangatunnelen 5. august i fjor, då deiblei fanga i stummande mørke og giftig røyk frå eit vogntog som hadde teke fyr.
I går kom det fram analysar som kan tyda på at bilistane kunne ha unngått å bli forgifta dersom retninga på røyken ikkje hadde blitt snudd. Men det blei han, og mange har fått seinskadar som Louis og familien, fortel lensmann i Lærdal, Per Thomas Klingenberg, som leier etterforskinga:
– Dei aller fleste har opplevd brannen som særs dramatisk. Folk som me snakka med to og ein halv månad etter ulukka, kan fortelja at dei framleis hostar opp sot og kjenner seg uvel, seier Klingenberg.
Klaustrofobi og angst
Politiet har avhøyrt 27 personar i dei 13 køyretøya som stod att i tunnelen etter at brannen var sløkt.
– Nokre har psykiske vanskar. Dei går framleis til psykolog, og det kan dei måtta gjera i lang tid framover. Folk er blitt redde for tunnelar, for å vera i lukka rom, som heisar. Så det er ikkje tvil om at dette har sett sitt preg på alle som var der inne, seier Klingenberg.
Les meir om saka hjå NRK