Fagforbundet

Høyring om endring i ambulanseutdanninga

Fagleg råd for helse- og oppvekstfag (FRHO), der Fagforbundet er representert, har jobba med denne saka i lang tid.

Publisert Sist oppdatert

Fra Fagforbundets bilag nr. 1 i Ambulanseforum 2018.

Følgjande oppsummerer kva som er nødvendig dersom faget framleis skal eksistere som ein del av vidaregåande opplæring:

Det må kome på plass ein permanent modell for ambulansefaget som tilfredsstiller krava i akuttmedisinforskrifta.

Kompetansebevis for føring av utrykkingskøyretøy (160) og sertifikat for klasse C1 må bli ein del av utdanninga.

Grunna alderskrav knytt til kompetansebevis og C1-sertifikat må opplæringstida derfor utvidast med eitt år, til totalt fem år.

Forlenga overgang til 2022

Helse og omsorgsdepartementet har m.a. som følgje av forventningar om endra utdanning, forlenga overgangs­ordninga for akuttmedisinforskrifta til 2022.

Det betyr at helseføretak kan ta inn lærlingar utan risiko for ikkje å få gjennomført læretida i samsvar med kompetansemåla i læreplanen.

Store og raske endringar

Ambulansetenesta har gjennomgått store og raske endringar dei siste åra. Endra sjukehusstruktur og større legevaktdistrikt medfører lengre avstandar og stiller større krav til ambulansetenesta.

Akuttmedisin er eit fagområde prega av rask utvikling. Ny teknologi og ny kunnskap gjer det mogleg å undersøkje og behandle pasienten i ambulansen på område som før blei gitt i spesialiserte avdelingar på sjukehus.

Med fleire eldre i befolkninga aukar behovet for helsetenester også akuttmedisin.

Ambulansetenesta spelar ei stadig større rolle som sjukehusets forlenga arm og er ein viktig del av det totale helsetilbodet til befolkninga.

Ambulansefaget naturleg plass i framtida

Både helsestyresmakter og helseføretak har slått fast at ambulansefaget skal ha ein plass i framtidas prehospitale tenester.

Etablering av bachelorutdanning i paramedic fleire stader i landet vil ikkje erstatte behovet for ambulanse­arbeidarar, men vere eit viktig supplement.

Utviding av utdanninga til fem år vil ha økonomiske og administrative konsekvensar. Læreplanen må også endrast etter at ein ny struktur forhåpentlegvis er på plass.

Powered by Labrador CMS