Ambulansekrasj
Ambulanseførar kom frå dette med lettare skader
Ein kvinneleg ambulanseførar i 40-åra kom frå det med lettare skader etter at ein ambulanse køyrde utfor ein kring 30 meter høg skrent mellom Hauge og Ryland i Bremanger.
Ein kvinneleg ambulanseførar i 40-åra kom frå det med lettare skader etter at ein ambulanse køyrde utfor ein kring 30 meter høg skrent mellom Hauge og Ryland i Bremanger, skriv NRK Sogn og Fjordane.
Se også heftig bilde i Aftenposten
Les også hos VG: Ambulanse kjørte utfor skrent under utrykning
Ulukka vart meldt like over klokka 22. Kvinna var ifølgje politiet åleine i ambulansen og på veg til ein pasient då den brasa utfor fylkesveg 616 ved Løviknes.
– Eg hadde absolutt aldri venta å sjå personen komme levande ut av bilen etter ei slik ferd. Vedkommande var veldig, veldig heldig, fortel kvinna som kom som førstemann til ulukkesstaden til NRK.no.
Ambulanseføreren skal ha fått kun lettere skader.
Skulle hente pasient
Svein Rød ved operasjonssentralen i Florø, opplyser at det er tale om eitt einsleg køyrety med ei kvinne i 40-åra om bord som har køyrt av vegen.
Ambulansen har fått store skader etter den ville ferda utfor skrenten, som politiet har fått opplyst til å vere kring 20 meter høg. Kvinna vart frakta til Førde sentralsjukehus med luftambulanse.
Ambulansebåt, brannvesen og politi ble også sendt til stedet.
– Ambulansen var på veg til å hente ein pasient då ulukka skjedde, opplyser Rød til NRK.no.
Har ikkje fått følgje
Helse Førde stadfestar også ulukka på sine nettsider. Så langt helseføretaket kjenner til, skal ikkje ulukka ha fått følgjer for pasienten som ambulansen opphavleg var på veg til.
– Vi veit lite om årsaka til ulukka, men no er vi mest opptekne av å ivareta den forulykka på ein best mogleg måte, og samstundes ivareta våre tilsette, seier ambulansesjef Stian Sægrov.
Arbeidstilsynet og Den Nasjonale Ambulanseulukkeskommisjonen er rutinemessig varsla om ulukka, og lensmannkontoret i Bremanger skal etterforske ulykken.