Ambulanse

Videoundervisning til heile fylket

Publisert Sist oppdatert

Onsdag morgon drog ambulansetenesta og AMK Førde i gang videobasert internundervisning til sine ambulansetasjonar, AMK-sentral og akuttmottak, fortel Helse Førde.
– Gulen er inne! Askvoll her! Fjaler er på plass!
Frå Indre Sogn til Ytre Nordfjord melde stasjonane seg, ein etter ein. Til slutt er 17 stasjonar med.
– Veldig kjekt at vi kan ha heile fylket med, seier Fride Kirkebø og Trond Aamot, høvevis opplæringsansvarlege i AMK og ambulansetenesta.
Kvar veke
Med eitt unntak har alle ambulansestasjonane utstyr og samband som gjer at dei kan ta del. Unntaket er stasjonen i Ytre Bremanger som venter på ei fiberlinje.
– Dette er internundervisning som vi tenkjer å arrangere kvar veke framover. Ansvaret skal gå på rotasjon og planen er at alle skal få bidra med nyttig og relevant kompetanse. Alle stasjonar som har vakt, skal delta, seier ambulansesjef Stian Sægrov.
Streama
– Å nytte elektroniske verktøy er god ressursbruk. Slik dette er tenkt fyller vi ledig beredskapstid med viktig og nyttig fagstoff og informasjon. Eg tenkjer også at slike fellesmøte skapar samhald og engasjement.
Særleg fornøgd er Sægrov med at undervisninga vert streama, og at personell som kjem på vakt i morgon eller til helga kan få med seg undervisning i friperiodar.
Tema for det første møtet var brannskader. Neste veke vil revidert traumeplan stå på agendaen, mellom anna med endra kriterium for varsling av traumeteam.
Les heile saka hjå Helse Førde

Powered by Labrador CMS