Nødmeldetjeneste
75 prosent av naudtelefonane er feil eller tull
Politiet trur Galina Sandeva ringde politiets naudtelefon 112 like før ho vart drepen, men det var heilt stille i andre enden då operatøren tok telefonen. Politiet trudde det var endå ei lommeoppringing, skriv NRK Norge.
– Dersom vi høyrer at det er nokon i andre enden, så ringjer vi tilbake eller prøver å spore samtalen. Har vi mistanke om at det er noko alvorleg, så sender vi ein patrulje, seier Martin Strand, leiar for Operasjonssentralen ved Oslo politikammer.
Han fortel at det kjem inn mellom 12.000 og 13.000 samtalar til 112-sentralen i Oslo kvar månad, og at det store fleirtalet, 75 prosent, er anten feiloppringing, tulletelefonar eller lommeoppringingar.
Mange manglar respekt for naudtelefonen, meiner han.
Stille i andre enden
Oppringinga frå telefonen til Galina Sandeva kom altså inn under kategorien lommeoppringing. Då er det ingenting i andre enden, ingen lydar som kan gi ein peikepinn på om at det verkeleg er ein naudsituasjon.
Ei lommeoppringing skjer når telefonen ligg i ei lomme eller veske og ringjer opp naudnummeret 112 utan at nokon har gjort det bevisst. 112 er det einaste nummeret som kan ringjast til når telefonen er låst, og er derfor ekstra utsett.
– Samtalen frå telefonen til Galina Sandeva var lik svært mange andre slike telefonar, der det ikkje er noko i bakgrunnen. I slike tilfelle ringjer vi ikkje tilbake. Skulle vi gjort det, ville vi ikkje fått gjort noko anna, seier Martin Strand.
Les meir om saka hjå NRK